Programmet er klart!

IMG_0715 copy

100 ÅRS JUBILEUM FOR VIDSTEENPARKEN 9. MAI 2015

 

Program

 13:05   Teaterstykke: «Borna i Prestlio og ordsamlaren»

               Medverkande: Elevar og lærarar frå Stord kulturskule.

Jorunn Whittaker m 12 dansarar

Tilsette ved Sunnhordland museum.

Ina Soltvedt Tufteland (hest og vogn)

               Manus: Johanne Øvstebø Tvedten.

                         Regi: Torill Berger Falk og Johannne Øvstebø Tvedten

                                                       Koreografi: Jorunn Whittaker                                                          

13:30   Historisk tilbakeblikk

           med Tore Lande Moe og Oscar Ingebrigtsen

 13:40  Avduking av minneplate

            v/ ordførar Liv Kari Eskeland

 13:50  Musikalsk  innslag

            v/Frelesarmeen. Salamon Hatlevik – song, Gunnar Ingebrigtsen

              – gitar og Anfinn Valen – trekkspel.

   Alise Jonassen kjem med 10 felespelarar og mykje flott folkemusikk

 14:00   Aktiviteter for barna.

              Høve til å ri ein runde på hesten, eller sitja på i vogna

Hestekøyraren er Ina Soltvedt Tufteland, og både ho og hestane er med i stykket.

       Sunnhordland museum og Vidsteentunet Aktivitetssenter held ope.

Sal av kaffe, brus og vafler etc.

 

Arrangement er i regi av Venelaget for parken i samarbeid med Sunnhordland museum, Stord kommune v/eininga Kulturtenester, Vidsteentunet Aktivitetssenter, og Vidsteentunet Ve og Vel.

Advertisements

I høve det komande jubiléet…

SK00243
Foto: Severin Kannelønning

Velkomne til desse sidene som omhandlar Vidsteen parken og det kommande hundreårs-jubiléet . Her vil du etterkvart finna  litt historie, informasjon om feiringa, og  bilete , – både gamle og nye..

Vidsteensparken 100 år

Laurdag 9. mai blir det folkefest i parken på Leirvik.

Meir informasjon om programmet kjem etterkvart.

Kort om Christian Vidsteen: (11. januar 1832 – 1915). Vidsteen var ein norsk distriktslege og språkgranskar. Arbeidet hans med dialektane i Hordaland er ei kjelde til kunnskap både om språket og kulturen mot slutten av 1800-talet.

I 1864 vart han distrikslege i Ytre Sunnhordland, med bustad på Stord. I 1882 slutta han i embetet og vigde seg etter det til språkstudier. Same året gav han ut «Oplysninger om Bygdemaalene i Søndhordland» og i 1884 kom «Opplysninger om Vossemaalet», og i 1885 «Opplysninger om Bygdemaalene i Hardanger» – om hardangerdialekta.

«Ordbog over Bygdemaalene i Søndhordland» var truleg så å seia ferdig ved same tida, men vart ikkje trykt før i år 1900. Den boka som likevel har fått mest å seia og som må reknast som hovudverket hans er ordboka over Sunnhordlnandsmålet som kom i år 1900.

Christian Vidsteen døydde i 1915. Han gav Vidsteenparken til leirvik Brand- og bygningskommune. I dag har Stord kommune hand om eigedommen, der Sunnhordland museum held til.